BØKER

For meldingar av bøkene, sjå under fana Presse

vinden_og_kattane



Vinden og kattane

Roman. Samlaget, 2021.


Femten år gamle Johanna bur saman med mor og veslesøster, og ho må ta ansvar for dei begge. Mor drikk for mykje og anstrenger seg for ikkje å tenke på det endelause. Veslesøster er berre sju år og ønsker seg mest av alt i verda ein eigen kattunge som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng.


Vinden og kattane handlar om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men det er også ei historie om sterke familieband, lojalitet og djup kjærleik.


"Ikkje tenk på verdsrommet, plar mor mi seie,
ikkje tenk på det endelause, då blir du galen.
Røynda og livet er vanskeleg og ubegripeleg nok.
Eg løfta blikket og såg på alle stjernene som blenkte."



Liljene på stranda

Roman. Samlaget, 2019.


Ei norsk kvinne innleier eit forhold til ein eldre mann i Aten. Under eit opphald på den tidlegare fangeøya Makronissos, der mannen ein gong var internert, fortel dei kvarandre om liva sine. Sjølv er kvinna sikker på at det er mykje ho har gløymt, men korleis kan ho vite kva? Fleire episodar gjer henne usikker på kva som er sant og ikkje, både i hennar eiga og andres historie. Ho møter mannen igjen etter 25 år. Kva er igjen av deira felles opplevingar, og kven er ho blitt, i eigne og andres auge?
Romanen krinsar om dei ulike versjonane av forteljingane vi omgir oss med. Kan ein i det heile stole på minnet - og på kvarandre? Brutalt og usentimentalt utforskar Kleiva det å bli eldre, døden og det svikefulle minnet.




Western Desert

Noveller. Samlaget, 2017.


Eit par er på reise i Afrika, men utset heimturen: Dei har ikkje lenger nokon å komme heim til. Ein mann sørgjer over tapet av kona, og vil berre forsvinne, men han har ei dotter å ta seg av. Ein forfattar døyr, og snart skal alle i miljøet vise kor godt dei kjende han. Nokre av dei vi møter i Western Desert opplever at livet tek ei brå vending, mens andre kjenner at dei er fanga i same spor som alltid. Uansett er livet berre til å halde ut, og kvar av dei må finne sin eigen meistringsstrategi.


Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg.

Dramatikk. Transit, 2015.


Båtar på vatnet

Anna har tatt livet sitt. Tilbake sit mora og søstra utan å skjøne korleis dei skal handtere det. Fortvilinga er stor hos dei begge, men reaksjonane ulike. Vil dei greie å kome seg vidare? Og vil dei greie å kome seg vidare saman? Båtar på vatnet vart sendt i Radioteatret i 2014.


Etter beleiringa

Etter å ha blitt voldtatt etter ein fest heime i Norge stikk Susi av. Når vi møter henne, forvirra og fortvila, er ho i ein by som nett har vore midt i krigshandlingar. Også her finst menneske ein kan snakke med og som må greie seg og sjå framover, og heime ventar mor og søsken.


Så hyggeleg

Ei kvinne og ein mann som ein gong har vore nære, møtest tilfeldig på gata. Skal dei ikkje ta eit glas vin saman? Men noko har hendt dei imellom tidlegare - kva er sanninga og korleis forholde seg til ulikskapane i oppfatning? Så hyggeleg vart sendt i radioteatret i 2014.




Armenia. Albania. Argentina.

Roman. Samlaget, 2012.


I denne boka møter vi Rønnaug. Ho er norsk, ho er kvinne, ho reiser åleine. Frå land til land. Ho ser seg attende. Ho ser framover. Ho treffer nye menneske. Treffer venner og elskarar. Som er blitt eldre. Fleire venner er døde. Ho òg er blitt eldre. Rønnaug reiser gjennom feriebyar, ho reiser til farlege utkantstrøk, ho vandrar mot toppane. Det er ikkje farleg, seier ho til seg sjølv, ikkje ver redd. Rønnaug har med seg sekken, og overlevingskniven, og ho reiser vidare.





Vi skal ikkje gjere ting halvt lenger

Dramatikk. Transit Forlag, 2011.


I denne erotiske thrilleren møter vi ei kvinne og ein mann som fullkome ope og med stor ømheit går inn i kvarandre sine skambelagte minne på veg inn i eit kjærleiksforhold som utartar. Verda utanfor slepp ikkje inn…




Notat vedrøyrande kjærleik

Samling av romanar. Samlaget, 2010.


Kleiva var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2010, og i dette høvet blei hennar fire seinaste bøker samla i ei bok. Dei tek alle for seg kjærleiken: Den store kjærleiken, den farlege kjærleiken, den altoppslukande kjærleiken, den umulege kjærleiken. Prosaen til Kleiva er skarp og nærgåande, forteljingane er knappe, tette og rå.

 

Samlinga består av:

Fangeteneste (2001, 2008)

Ingen reell fare (2001, 2003)

La oss krysse Nilen (2005)

Ikkje for varmt, ikkje for kaldt (2008)






Vegen heim frå Sarajevo

Ungdomsroman. Samlaget, 2009.


Susi sit aleine på eit hotellrom i den framande byen Sarajevo. Ho har nett byrja på andre året på vidaregåande i Noreg, men etter ei forferdeleg oppleving, tek Susi første fly vekk frå heimplassen. I Sarajevo prøver ho å finne fotfeste etter det som skjedde.

 

"Eg hugsar ikkje noko frå akkurat då det skjedde. Eg meiner, eg hugsar det saklege, fakta. Men eg hugsar ikkje kva eg følte. TV-en stod på. Det var eit reality-show. Komplett idiotisk. Ville aldri vore med på det frivillig."





Ikkje for varmt, ikkje for kaldt

Noveller. Samlaget, 2008.


I desse mørke, men også morosame novellene møter vi kvinner og menn i ulike fasar, forhold og situasjonar: Ei kvinne er fanga i forholdet til ein valdeleg mann, ein mann gløymer brillene sine då han skal møte elskarinna, ei kvinne ordnar gravferda til sin avdøde, separerte mann, ein mann blir letta over at elskarinna blir påkøyrt av trikken.

På ein skarp og medrivande måte lar Rønnaug Kleiva lesaren kjenne på kjærleikens ulike temperaturar.




Andre sida av Paris

Ungdomsroman. Samlaget, 2007.


- Hadde vi endå budd i Paris.

- Å?

- Då kunne vi ha flytta til andre sida av

  byen og starta på nytt.

- Men vi bur ikkje i Paris.

- Nei.

- Vi kan flytte til ein annan stad i landet.

- Då misser eg kontakten med pappa.

- Det har du rett i. Så kva gjer vi?

- Eg går i alle fall ikkje på skulen i

  morgon.


Susi går på ein heilt vanleg ungdomsskule. Ho bur saman med mor si i ei heilt vanleg leiligheit. Susi og mor hennar er heilt vanlege. Og som vanleg er ikkje alt like enkelt, og slett ikkje forholda i klassen.





Eg rømmer

Biletbok. Samlaget, 2005. Ill. av Inger Lise Belsvik.

 

Der går mamma og pappa. Dei går mot den gamle mellomalderkyrkja, over kyrkjegarden og ruinane. Mamma græt. Pappa held henne om skuldrene.

- Gravlundar får meg alltid til å gråte, seier mamma.

- Vi går ned til hamna, seier pappa.

 

Dramatisert og sendt i Barnetimen for dei minste 2008.



La oss krysse Nilen

Prosa. Samlaget, 2005.


Sidan du forsvann, har veggene falle ned.

Sæden din, som gjekk til spille mellom senga og døra, har blitt igjen på det ubehandla furugolvet og danna ei hard overflate, toler vask kan knapt ripe det opp med neglene. Har truleg funne ein ny metode for å herde materialar. For å få kroppskontakt ligg eg naken i senga om natta. Eg tenkjer på då du ringde meg på toget ved Tigris, og eg kasta eit blikk på Tigris. Neste gong vil eg sjå Eufrat.

 

Ei kvinne er på reise etter eit kjærleiksbrot, det får henne til å minnast andre reiser. Erindringsbileta glir saman til ei stor og fløymande reise gjennom tider og land. Her er bilete av elvar, hav og vatn - livet, livets vatn, og livets flyt. Under tap og lengt ligg ei aning av glede: Det kjem nye dagar, nye reiser, nye tider.





Ein ettermiddag

Dramatikk. Solum, 2004.


Ein ettermiddag er, som Rønnaug Kleivas høyrespel Kvinner med fingermanualar, ei skarptskodande skildring av det moderne mennesket sitt behov for å halde ein tilsynelatande ytre kontroll i møtet med det skremmande og irrasjonelle. Vi møter ein familie som står andlet til andlet med døden. Under ei hinne av kvardagsleg normalitet lèt dei som om ingen ting skjer og at alt er som det skal vere.

 

Ein ettermiddag vart oppført på Dramatikkfestivalen på Det Norske Teatret i juni 2004.




Ingen reell fare

Roman. Samlaget, 2003, 2004.


I fire-tida kom mørkret.

I natt har eg følgje av irsk whisky.

Spela bass i mørklagt stove. Stjernene i uteglaset gav nok lys til å manøvrere meg og instrumentet framfor omnen. Bjørkeved.

Kasta kleda då Stones og Tom Waits byrja utfalde seg. Gjekk ut på verandaen. Det er berre føtene som frys når ein dansar på verandaen i -5.

Vil røre føtene hennar før ho sovnar, gni dei inn med safta frå kroppen min og tørke dei med håret mitt etterpå.

Takk NAF Veibok, for at eg kan vite at det er 500 km til henne. Elles sprang eg og sprengde døra hennar. No.

Ein mann møter ei kvinne, og blir forelska. Dei har eit forhold. Mannen er gift på sin kant, men den nye kvinna krev ikkje anna enn å få vere den andre kvinna. Ein draumesituasjon for mannen som ikkje kan velje.

 

Men gradvis blir dobbeltlivet vanskeleg; mannen kjenner at han vil ut av ekteskapet, han vil realisere kjærleiken fullt ut. Eller vil han ikkje det? Dei usynlege banda til ho han er gift med, til barn, eit etablert tilvære, og hans eigen versjon av korleis livet hans er, held han fast i eit uavklart spenn mellom å bli og å reise. Ingen reell fare handlar om å lengte etter kjærleik, finne den og plukke den opp, men kanskje ikkje ta vare på den.



Om dagen kan ein flyge

Biletbok. Samlaget, 2001. Ill. av Akin Düzakin.



Hos bestemor er det grønt og mildt.

- Graset gror, seier bestemor.

- Det er på tide å sleppe dyra ut på beite.






Fangeteneste

Noveller.Samlaget, 2001, 2008.


På gata står kastanjeseljarar ved kontrollert open eld. Og mannen som går inntil kroppen til kvinna si, stoppar opp og ber om å få i handa varme kastanjar hylla i brunt papir.

Øvd reinsar han kastanjane og byr kvinna. Og ho tar imot, ho går nærare og let kastanjen, hausta i rett tid, steikt ved rett varme, gli inn i munnen.

 

Prosatekstane i denne boka er ein serie av bilete som stiller skarpt på kjensler av kjærleik, hat, tiltrekking, pasjon, avstand og forfall. Den kjølige overflata er eit stilsikkert uttrykk for den ubehagelege og svarte versjonen av forhold mellom menneske.





Kvinner med fingermanualar

Skodespel. Solum, 2001.


Tre ressurssterke kvinner måler krefter med omverda og med kvarandre. Dei er i ein fjellvegg og målet er å komme til topps...

 

Sendt i Radioteatret NRK, 2001 og 2008.




Kjærleik på pinne frå Ougadougou

Barnebok. Samlaget, 1999.


Katja har budd saman med pappa sidan foreldra skilde lag for nokre år sidan. Mamma arbeider med eit prosjekt i Afrika og har gitt Katja mobiltelefon, slik at dei lett kan kontakte kvarandre. Katja er glad i pappa og liker ikkje at han har nye damevenninner, for ho drøymer stadig om at mamma og pappa skal flytte saman att. Ho gjer det ikkje akkurat lett for den nye dama som blir med til sommarhuset...


Vinnar av den norske prisen i Nordisk barnebokkonkurranse 1999.

Omsett til dansk (1999), svensk (1999), serbisk (2002, 2003).



Ikkje gløym å klappe katten

Barnebok. Samlaget, 1997.


Anna sit i trappa og klappar katten.

- Kom og sjå, ropar pappa, - du har fått ei ny søster.

Tenkte ho det ikkje!

- Er ho ikkje fin? seier han.

- Det er ein nydeleg baby, seier Anna, - men det er sikkert nokon som kunne trenge ein baby meir enn oss.

 

Det er ikkje så lett å bli storesøster. Anna prøver å fortelje det til dei vaksne på ulike måtar, og dei synest ho er fæl. Men heldigvis er det somme som skjønar at Anna er ei OK jente som likar OK kattar og greier det ho vil.

 

Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker 1997

Kulturdepartementets barnebokpris 1997

Nominert til Brageprisen 1997.



Greske gudar og gudinner

Fagbok. Samlaget, 1996.


Ei personleg og fortetta innføringsbok om dei klassiske greske skapingsmytane, om titanane, livet på Olympen, Zevs, Hera, Athene, Artemis, Apollon, Eros, Hermes, Orfevs og alle dei andre. Ei spennande og nyttig gjenforteljing av kjende og mindre kjende segner.





I ovnen er lammet

Dikt. Samlaget, 1995. Ill. av Arne Nøst.


Eg støypar han inn i fundamentet

Eg drep han ikkje

Men eg legg han i ein plastpose og støyper han inn i terrassen

Der sit eg om kveldane når veret er godt,

drikk beherska og les avisene, som eg kommenterer

På det viset er det ein kommunikasjon,

og ikkje verre enn før

Vanskane tek til då hausten kjem,

då det vert kaldt på føtene,

og eg lyt til å få støypt inn golvvarme






Eg greier meg

Barnebok. Samlaget, 1994. Ill. av Lars Elling.


Eg vakna, og det var stilt i huset. Eg gjekk ned på kjøkenet. Det var ryddig og lunka. Lyset sto på.

- Mor, sa eg, - er du der? Men det var ingen som svara.

Stova var tom. Radioen stod lågt på. På badet var ho ikkje. Heller ikkje på soveromma. Eg leita i alle skap, men alle skapa var tomme for mor. Under sengene var berre øskjer og støvdottar.

 

Kulturdepartementets pris for beste illustrasjon 1994.





Einmannsbåten

Barnebok. Samlaget, 1993.


Det eg likar best av alt, er segling. Det er fleire år sidan eg fekk smaken på det. Eg segla med onkel og nokre av kompisane hans. Det var om sommaren. Vi segla i passe vind, vi stormprata ikkje. Vi høyrde lyden av bølgjene mot båten, vinden i segla, vi åt rosiner og nøtter frå ein plastpose. Det er slik eg helst vil ha det. Ikkje noko stress.

 

Slik tenker "eg" i denne boka, den tolvårige guten som har eitt ønske framfor alle andre: Å få seg ein seglbåt, ein einmannsbåt, ein Laser! Korleis skaffe seg pengane som skal til, er det store problemet. Foreldra seier han må gjerne kjøpe når han har pengane, og dermed trur dei at dei har kontrollen. Men det skal vise seg at der tek dei grundig feil...





Ein underleg vinter

Biletbok samlaget, 1991. Ill. av Malgorzata Piotrowska.



I barnehagen ertar dei Gro. Bolla, seier dei. Gro vil ikkje vere i barnehagen, men ho skjønar at ho må. Mor må tene pengar, og kan ikkje ha henne med. Men ein dag byrjar mor plutseleg å pakke ned både det eine og det andre. Dei skal ut på tur. Gro kunne ønskje at dei alltid kunne ha det sånn. At mor ikkje måtte gå på jobb slik at ho sjølv ikkje måtte vere i barnehagen. Og medan dei er ute og køyrer, blir bilen teken av eit snøras!



Plutseleg no

Ungdomsroman. Samlaget, 1990.


Mari er i ein alder då så mangt skjer, og mykje forandrar seg, ofte plutseleg. Ho går i åttande klasse, og har ikkje hatt så mange venninner som den eldre syster si. Men plutseleg har ho fått ei god venninne, og finn seg snart midt i gjengen som står saman i frikvartera og møtest ved kiosken om kveldane. I midten der er også Ruben, han som er som ein nougatsjokolade, og Mari elskar dei mjuke nougatane som smeltar i munnen.

 

Dette er også året då konfirmasjonen er aktuell. Skal ho, skal ho ikkje? Foreldra, særleg mora, planlegg oppussing og tenkjer ut menyar. Kva grunn har Mari for å vilje konfirmere seg? Festen, gåvene - trua på Jesus? Dei fleste gjer det, same kva dei trur, så kvifor ikkje...

Det er så mangt å tenkje på, så mangt som skjer. Plutseleg no.




Balansepunkt

Prosalyrikk. samlaget, 1990.


Dette som er alt, at ingen ting kan skiljast frå kvarandre, at ingen ting kan setjast i samanheng, at punkta er det einaste, punkt som aldri er nær kvarandre, som bevegar seg rundt utan berøring

 

Døden som er overalt, dei spirande løkblomane om våren, det nyfødde barnet som løfter hovudet frå mors mage, det smiler, grasbøane, dei fråflytta gardane, potetlauvet som visnar, rusta stål alle vegar, menneskekroppar.





Kven sin dag er dette?

Barnebok. Samlaget, 1989. Ill. av Alf-Kaare Berg


Bestefar smiler medan han set syreballongane på plass på fôrhaustaren. Han har på seg vernebriller og hanskar.

- Pass deg, gut, seier han til meg. Så ler han.

- Kva ler du av? spør eg.

Han ler enda meir.

Han stoppar opp i arbeidet. Han tek av seg vernebrillene og ler så eg blir mest redd.

- Det er ikkje farleg, seier han mellom latterhiksta.

Eg er ikkje overtydd.

Då bøyer han seg mot meg, og han kviskrar. Han har teke av seg vernehanskane òg no.

- Eg har ein plan, seier han, og augene hans ser rett inn i mine. Vi har begge lyseblå auge, og dei seier at vi liknar kvarandre.

- Sei det ikkje til nokon, seier han. - Du skal få vite meir i morgon.



Fuglane kor dei flyg

Barnebok. Samlaget, 1988.


Dikta i denne boka fortel om ei jente som bur på ein gard og er med i alt som skjer. Ho hesjar kunstverk i lag med tante og kvistar fure med bestefar - han som ser til at speidarøksa hennar held seg skarp. Iblant heng ho i pæretreet og ser verda opp ned, iblant går ho på besøk til folk når det luktar kake. Det er ein fin stad ho bur på, og når ho og bestefar spring etter vegen og ser fuglane flyge - då er det fredeleg å leve.




Å fø fram ein kalv over vinteren

Prosatekstar. Samlaget, 1986.


Korte, poetiske prosatekstar om eit mentalt landskap - ytre detaljrealisme med nordvestlandske fjell og fjordar som bakgrunn. Det enkle ligg i synsvinkelen, men omverda blir interessant først når ho blir broten gjennom det språklege prismet til den lyriske hovudpersonen. Ei syklisk rørsle syner seg: vokster, tilfrysing, smelting - veg ut av isen?

 

Omsett til gresk (1991).






Animasjon

Dikt. Samlaget, 1985.


elden sleikjer innsida av låra

på veg opp trappene

 

i mitt lukka land

overlever ingen og eg

er ei av dei

 

det hender med meg og

det er eg som

hender det



FRAMFØRINGAR

Så hyggeleg

Sendt i Radioteatret i 2014.



Ei kvinne og ein mann som ein gong har vore nære, møtest tilfeldig på gata. Skal dei ikkje ta eit glas vin saman? Men noko har hendt dei imellom tidlegare - kva er sanninga og korleis forholde seg til ulikskapane i oppfatning?

 

Finnast i bokform:

Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg. Dramatikk. Transit, 2015.



Båtar på vatnet

Sendt i Radioteatret i 2014.


Anna har tatt livet sitt. Tilbake sit mora og søstra utan å skjøne korleis dei skal handtere det. Fortvilinga er stor hos dei begge, men reaksjonane ulike. Vil dei greie å kome seg vidare? Og vil dei greie å kome seg vidare saman?

 

Finnast i bokform:

Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg. Dramatikk. Transit, 2015.



Mor: eg konne tenkt meg å gå heile den Kinesiske mur

Oppført på Rogaland Teater, 2011.


Vondt og vakkert om mor og datter »

23.10.11, nrk.no



Vi skal ikkje gjere ting halvt lenger

Oppført på Dramatikkfestivalen på Dramatikkens hus i Oslo, 2011.


I denne erotiske thrilleren møter vi ei kvinne og ein mann som fullkome ope og med stor ømheit går inn i kvarandre sine skambelagte minne på veg inn i eit kjærleiksforhold som utartar. Verda utanfor slepp ikkje inn…

 

Finnast i bokform:

Samtidsdramatikk 2011, Transit Forlag.



Kvinner med fingermanualar

Sendt i Radioteatret NRK, 2001 og 2008.


Tre ressurssterke kvinner måler krefter med omverda og med kvarandre. Dei er i ein fjellvegg og målet er å komme til topps...

 

Finnast i bokform:

Kvinner med fingermanualar. Skodespel. Solum, 2001.



Ein ettermiddag

Oppført på Dramatikkfestivalen på Det Norske Teatret, 2004.


Ein ettermiddag er, som Rønnaug Kleivas høyrespel Kvinner med fingermanualar, ei skarptskodande skildring av det moderne mennesket sitt behov for å halde ein tilsynelatande ytre kontroll i møtet med det skremmande og irrasjonelle. Vi møter ein familie som står andlet til andlet med døden. Under ei hinne av kvardagsleg normalitet lèt dei som om ingen ting skjer og at alt er som det skal vere.


Finnast i bokform:

Ein ettermiddag. Dramatikk. Solum, 2004.